Kvifor er det så vanskeleg å få på plass ny lov om stiftingar?

Noreg har 6718 stiftingar, dei forvaltar om lag 170 mrd. kr. og delte i fjor ut 5,8 mrd. kr. til gode føremål.  Regjeringa sette i 2016 ned eit utval leia av Gudmund Knudsen til å koma med forslag til ny lov om stiftingar.  Eg hadde gleda av å vera med her, og forslaget kom som NOU 2016: 21, 21. oktober 2016. Sidan har det vore stille. Kontrasten er stor til den samtidige revisjonen av aksjelovgjevinga. Regjering og Storting arbeidde her så raskt at lovendringane hadde verknad alt frå 1. juli 2017.

Forslaget til ny lov om stiftingar fekk allmenn støtte i høyringsrunden. Forslaget var ei  gjennomgåande fornying, inkludert styret sitt ansvar for kapitalforvaltning og reglane rundt omdanning. Vegen fram til ny lov burde vera relativt grei. Det har de ikkje vore.  Nærings- og Fiskeridepartementet har ikkje prioritert denne lova. I tillegg står ein i fare for at forslaget treng å oppdaterast.  Det ferske forslaget til endring av gjeldande stiftelseslov for å letta nedlegging av kommunale bustadstiftingar, og ny lov om trus- og livssynssamfunn om stiftingar innan kyrkja, er begge døme på endringar som heller burde vore del av ein samla lovrevisjon, kanskje i eit nytt utval.

Stiftingane er viktige og forvaltar store ressursar og stort engasjement, inkludert 4 millionar dugnadstimar og 41 000 jobbar. Dei fortener ny lovgjeving no, det er snart fire år sidan lovforslaget kom.

Les hele saken her: https://www.aftenposten.no/meninger/debatt/i/b53B9d/kort-sagt-onsdag-2-september

Aksel Mjøs, dr.oecon., styreleiar i Kavlifondet og Jan Mossins Minnefond, medlem av Stiftelseslovutvalget (2016).

Aksel Mjøs, dr.oecon., styreleiar i Kavlifondet og Jan Mossins Minnefond, medlem av Stiftelseslovutvalget (2016).